Jan Magne suveren vinner
Trufaste Jan Magne Obrestad som aldri står over ein runde golf uansett kor dårleg han er i føtene, fekk full uttelling då han avgjorde finalen mot ringreven Terje Frøyland ganske tidleg i finalerunden i Jærmatch +65 mandag.
Suveren putting var hovedårsaken. - Eg følte meg sikker på seier etter hol 14, sa vinnaren etterpå.
Terje får ein ny sjanse, for alt onsdag spelar han semifinale mot Kristian Heggås i den største og mest utfordrande klassen - Jærmatch 2024.
Sigurd Larsen skal møte Tord Aksnes Lode i den andre semifinalen.